Smart med skolemat

Alle norske skolebarn bør få et gratis, sunt måltid på skolen hver dag! Det mener Norges Bygdekvinnelag,som i en uttalelse fra årsmøtet i 2012, maner politikerne til handling.

Uttalelse fra Norges Bygdekvinnelags årsmøte i Sarpsborg 8. og 9. juni:

Smart med skulemat

Alle norske skuleborn bør få eit gratis, sunt måltid på skulen kvar dag!

Talrike forskingsrapportar og forsøksordningar viser at skulemat er smart. Rett næring må til for å halde energi og konsentrasjon oppe gjennom heile skuledagen . Skulemåltidet må bli eit offentleg ansvar og vere gratis, det vil gje norske elevar ein betre skulekvardag.

Maten har ei nøkkelrolle for trivsel og helse. Eit felles, sunt skulemåltid gir  meir ro, betre trivsel, betre læringsmiljø og sosialt fellesskap. Bordfellesskapet må heller ikkje undervurderast  i kampen mot mobbing og med mål om god integrering.

Sosial utjamning er eit klart politisk mål. Verkelegheita er dessverre at mange born ikkje får den matpakken dei treng heimanfrå. Helsedirektoratet sin visjon er «God helse – gode liv». Det er mykje god folkehelse i rett samansett skulemat, det gjev både kortvarig og langvarig helsegevinst. Sunne vanar og god kunnskap om råvarer og matlaging vil fylgje borna vidare i livet og sikre helse og velferd på sikt. Eit sunt skulemåltid for alle vil vere med på å førebygge overvekt og livsstilssjukdomar som er eit stadig aukande problem. Helsebudsjetta aukar faretruande. Reparasjon kostar samfunnet meir enn vi kan tole. Eit så stort velferdstiltak vil koste, men har vi råd til å la vere? Norges Bygdekvinnelag foreslår at skulemåltidet vert dekka over helsebudsjettet fordi det er eit helseførebyggande tiltak.

Mat og matlaging er blitt salderingspost både i skulen og samfunnet elles. Mat skal ikkje koste, ikkje ta tid å lage, og aller helst etast andre stadar enn rundt bordet. Bygdekvinnelaget vil ha respekten for maten tilbake,  både for gode råvarer og matglede.

Bygdekvinnelaget krev  handling. Set skulemat på dagsorden, gjennomfør det politisk og servér!

Årsmøte Norges Bygdekvinnelag
Sarpsborg 9. juni 2012